Foto; Privat

Fem om juleførebuingar del fire

Publisert av: Vegard Aslaksen
21/12/2018 16:00

I fredagens “fem om juleførebuingar” har ordførar Kåre Martin Kleppe teke seg tid til å svara på spørsmål.

 

Kva er den viktigaste juletradisjonen for deg?

Den viktigste tradisjonen er utan tvil julemiddagen på julafta. Det er vertfall den eg ser mest fram til før jul.

Korleis ser menyen for julafta ut heime hos deg?

Heime hos oss er det alltid pinnekjøtt på julafta, med riskrem til dessert. Sjølv om det blir ein del pinnekjøtt-middager i juletida når ein er ordførar, er det alltid ekstra godt på julafta. Der skylder eg på mor.

Kva vil du best minnast for året som har gått?

Det er mykje å minnast frå året som har gått. Men det beste minnet er nok då eg før sommaren kjøpte leiligheten min. Det er ein stor milepæl.

Kva ynskjer har du for året som kjem?

For året som kjem, ynskjer eg eit lågare konfliktnivå i internasjonal poltikk. I Tysnes håper eg me klarer å sette i gang bygginga på Tysnes skule. Og så ynskjer eg sjølvsagt at eg får lov til å fortsette som ordførar i Tysnes i 4 år til etter valet neste haust.