Vil ha ungdom frå bygda

Publisert av:
15/7/2009 20:05

Byggjebedriftane i Bergen som skal tilsetja lærlingar, er ikkje i tvil; dei vil aller helst ha ungdom frå distriktet.

Bjørn Rune Markhus, dagleg leiar i Byggmester Markhus, seier til BA at han er svært nøgd med lærlingane og arbeidarane frå disktriktet. – Dei er vane med å ta eit tak, er sjølvstendige og arbeidsmoralen er sterk, seier han, og legg til at lågt fråver er eit av dei aller viktigaste kriteriane for å få jobb. Markhus snusar gjerne etter lærlingar frå Tysnes, Lindås og Sotra, skriv BA.

Det er fleire i byggjebransjen i by’n som skyr bygutane. Jonny Olsen, leiar for BYGGOPP, viser til ein gong han skulle ta med ein bygut, som var på jakt etter lærlingplass, til ei bedrift. Guten stod og venta på meg med saggebukse og caps og meinte at “Det hadde vært kult med lærlingplass fordi jeg og damen skal skaffe oss kåk“. Det er klart at ein sånn bergensar ikkje får jobb, seier Olsen til BA.