Vil du behalde den solbrune kroppen?

Publisert av: Dagfinn Sandvik
8/6/2018 13:22

High Tech solstudio med mobilapp

 

Carisma har nyleg investert i 2 nye solarium. Desse er kjøpt fra eit solstudio i Stavanger, som tilhøyrer solkjeda Sun2.

Marit Gunn Dalland seier at det er fleire ting som er nytt med Sun2. Mellom anna har betalingsmetoden blitt mykje enklare og solene er mykje meir avanserte. No kan ein laste ned ein app på mobilen, og via ein automat på veggen med thouch funksjon, kjøpe solkrem og bestemme kor mange minutt ein vil sole seg. Dei nye solene har også talefunksjon som fortel deg til dømes kva nivå vifta er på og om ansiktsola er på slått.
Begge dei nye solene er veldig bra, den eine er litt meir high tech enn den andre, så litt prisskilnad vert det.

No som det har vore så fint vêr ute, har folk fått litt underlag, og kan når rengnvêret kjem, benytte seg av Carisma sitt solstudio for å behalde kroppsfargen, fortel Marit Gunn. Dei held open 07.00 til 23.00 kvar dag

Vil du ha meir informasjon om det nye soltilbodet? Les meir her.