Publisert av:
27/3/2011 20:21
Vidare i Varegg Cup
Med ein siger og eitt tap i dagens kampar i Varegg Cup er gutelaget til Njardar vidare i cupen.
Kampane deira vart spelt på Nymarksbanen. I første kamp vart det siger 3-1 over Løv-Ham, medan andre kamp vart eit stort 1-8 tap for Bjarg. Likevel var dette nok til vidare avansement. Alexander Instøy, Christian Ottem, Morris Skulstad og Torstein Flakke noterte seg for scoringane til Njardar.
Smågutelaget til Njardar var også med. Dei spelte to kampar på Krohnsminde, men det vart tap for både Løv-Ham og Nordnes og dermed er smågutane ute av årets Varegg Cup.