Vidare drift
19/11/2015 15:42
Det har fleire gonger vore snakk om å leggja ned drifta av bokbåten “Epos” som har farta lags kysten i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
Etter 52 år, la bokbåten i tidlegare vår ut på siste tokt i Sogn og Fjordane.
Fylkesrådmannen i Hordaland foreslo ved budsjettforhandlingane å leggja ned bokbåten for å spara 1,4 millonar kroner. Eit forslag som har vekt stort engasjement siste tida.
Måndag ettermiddag la bokbåten til kai i Bergen. Mange, blandt anna bergensforfatterne Chris Tvedt, Gunnar Staalesen og Stig Holmås, hadde møtt fram for å visa sin motstand mot forslaget om nedlegging.
Under budsjettforhandlingane stilde SV i Hordaland ultimatum og krevde fortsatt liv for «Epos», og i går vart det sikra pengar til vidare drift av Epos.
Bokbåten vil no verte finansiert av midlar frå Hordaland og Møre og Romsdal, og er sikra drift minst ut 2016.
Mange har gode minne frå besøk på bokbåten, her fra mars 2014 då “Epos” låg til kai i Lunde.