Veteranbilar på tur

Publisert av:
11/6/2010 09:12

I føremiddag kom det ein heil bøling med veteranbilar med ferja til Våge.

Annakvart år går Hansa Rally av stabelen. Dei to siste gongane har det vore arrangert i Tyskland, men i år er det Bergensregionen som får besøk.

I går var det 35 veteranbilar ved Solstrand Hotel i Os. I dag mellom klokka 14 og 16 kan du ta mange av dei nærare i åsyn utanfor Tysnes Bilsenter på Reiso (dette vart endring på, dei køyrde opp til Haaheim).