Verst tenkeleg start
1/11/2009 12:42
Her var det fleire faktorer som spela inn, alt frå dårleg planlegging til bilproblem. Så halva laget var på plass, då resten kom heseblesande inn døra. Og oppvarming var eit framandord denne dagen…………..
Me klarte aldri å riste av oss den starten, for kampen bar preg av så mange personlege feil, at spenninga på kva for vei sigeren skulle gå levde heilt til slutt. Til pause leda me 12-9.
2.omg var litt betre, men kun i små periodar. Vaksdal klarte å scora 18 mål på oss, men så lenge me klarte 22, så fekk me poenga. Og me er kjempeglad for seieren, sjølv på ein skikkeleg dårleg dag. No må me heva oss mange hakk til neste helg, då Fana 2 kjem på besøk
Toppscorer vart Ingvild med 4. Resten av laget: Celine, Ingse(2), Ida(3), Merethe(1), Lene(2), Linn(2), Marion(3), Hege(2), Linda(1) og Sara Elisabeth(2)