Publisert av:
23/11/2011 05:39
Ventar mykje nedbør
I løpet av onsdag ettermiddag og kveld ventar yr.no så mykje regn over Tysnes at dei har markert det med raud varseltrekant på vérvarslinga si, sjå her.
Det er også venta ein del vind frå sør, noko skyssbåten også må ta omsyn til, sjå sak i går.
Mykje nedbør på kort tid gjer også ein viss rasfare, og Veitrafikksentralen ber folk vera forsiktige.
Dermed kan det sjå ut som om det er slutt på det fine novembervéret.