Vellukka næringssamling på Mandelhuset
22/3/2018 21:31
Heile 42 deltakarar hadde teke turen til næringssamlinga som Tysnes Kommune og Atheno arrangerte på Mandelhuset i dag.
Arrangørane hadde lagt opp til eit variert og interessant program. Det vart også lagt opp til gode pausar der ein fekk tid til å mingla og stifta betre bekjentskap mellom bedriftene som var representert på samlinga.
På foredragslista stod både små, store, veletablerte og nystarta bedrifter som delte sine erfaringar med dei frammøtte. Dette var til stor inspirasjon for dei som sat i salen.
Dagleg leiar i Atheno, Astrid Kjellevold, framheva viktigheita av godt samarbeid og framsnakking for å bidra til vekst og utvikling.
Etter vel 3,5 time på næringsamling kan me konkludera med at det foregår utruleg mykje bra næringsutvikling på Tysnes og i nabokommunane rundt oss her i Sunnhordaland.
Til tysnesingen.no fortel Ordførar Kåre Martin Kleppe og representantane frå Atheno at dei er svært nøgd med både oppslutninga og gjennomføringa av samlinga. Dei ynskjer å halda fram med å bidra til god næringsutvikling på Tysnes.
Gjekk du glipp av denne samlinga? Til hausten planlegg Tysnes Kommune ei ny næringsssamling.