Vellukka marknad

Publisert av:
21/6/2014 12:30

Allereide få minutt etter at dørene opna kl 10, var det gamle drihuset fullt av kjøpelystnefolk.

Nytt av året var barnas loppemarked. Her kunne ein få kjøpe alt frå leikar og spel til syklar.

Tradisjon tru var det auksjon kl 12. I år hadde det kome inn svært mange flotte ting. Den munrappe og slagferdige auksjonarius Kjetil Hestad fekk dei frammøtte på gli, og budrundene vart heftige på nokre av klenodia.

Tore Lunde stilte med hest og vogn og tilbydde gratis hesteturar for anledningen, noko som gledde både liten og stor.