Velkommen til møte i Uggdal Bygdalag
6/2/2017 11:47
Me får besøk av ordføraren, rådmannen og arealplanleggjar Morten Anthonessen.Dei vil orientera om reguleringsplanen for Uggdal bustadområde og vidare utvikling i området rundt den nye sjukeheimen. Dei vil òg kunna svara på kva arealmessige utfordringar me vil møta ved eit evt. nytt butikksenter. I den samanhengen vil Lars òg orientera om drifta av Joker-butikken. I tillegg til Lars, vil òg Per Spillum frå Merkur vera med oss. Merkur er eit statleg organ som gjev råd og hjelp til butikkar i distrikta.
Torstein vil deretter orientera om planane sine i høve “Ole Vaage- bygget”.
Me ønskjer òg, dersom det ikkje lir for langt på kveld, å snakka om smio, ny asfalt på fortauet i tunnellane, rydding langs vegen og strandlinja nord for Kyrkjevatnet. Me vil òg orientera litt om bruken av Kvednholmen, og evt. vakthald ved båthamna under “Tysnesfest”. Me bør òg engasjera oss i vedlikehaldet av Grendatun. Sist, men ikkje minst, må me snakka litt om korleis me kan ta godt vare på dei nye innbyggjarane våre.
Me treng gode innspel og engasjement frå alle for å gjera bygda vår endå betre å bu i. Møt difor opp med godt humør og ståpåvilje. De vil få kaffi og kaker.
Styret