Vekst på heile 29% i 2016
1/3/2017 16:03
I ei pressemelding frå banksjef Dag Sandstå i dag, teiknar 2016 seg som eit flott år. Utsiktene framover er og gode med aukande kundetilgang.
Tysnes Sparebank med solide tal for 2016
Tysnes Sparebank sitt foreløpige årsrekneskap for 2016 syner solide tal. Resultat av ordinær drift er på 16,9 millionar kroner mot 12,6 millionar kroner i 2015. Samla utlån passerte 2 milliardar kroner i løpet av året, ved utløpet av 2016 var samla utlån inkludert lån via Eika Boligkreditt tett på 2,2 milliardar kroner. Dette er foreløpige tal, rekneskapen skal endeleg vedtakast av forstandarskapet i mars månad.
Stor vekst i 2016
I løpet av året har banken vokse med heile 29 %. Kundetilgangen er stor og mange nye kundar har flytta over til Tysnes Sparebank. Banken si målsetjing er at kunden skal oppleva ”verdast mest personlege bank”. I løpet av året har banken etablert 2 nye møteplassar for å treffa kundane i kunden sitt nærområdet. I løpet av våren 2017 opnar banken nytt kontor på Stord. Då har banken etablert dei kontora som er planlagt så langt, og er godt rusta til vidare vekst.
Veksten sikrar langsiktig sjølvstende og trygge arbeidsplassar lokalt
Banknæringa i Noreg er i endring. Mange bankar vel å leggja ned kontor i distrikta og flytter kundane over til digitale servicekanalar. Tysnes Sparebank trur at mange framleis ynskjer den nære og personlege banken, samstundes som banken også må kunna nyttast heildigitalt for dei som ynskjer det.
Store investeringar i ny teknologi
For at Tysnes Sparebank skal vera konkurransedyktig i framtida må det investerast store summar i ny teknologi i åra som kjem. Dette er naudsynt for at banken skal kunna levera gode nok tenester. Men det betyr også at kostnadene aukar i åra som kjem.
Banken har som mål at inntektene skal auka meir enn kostnadene i åra som kjem. Derfor er det nødvendig at banken veks ytterlegare i åra som kjem. Det kostnadsnivået banken har i dag må kunna ta unna endå større volum i framtida – ny teknologi vil gjera dette mogeleg.
Gode utsikter framover
Styret i banken ser lyst på framtida. Kundetilgangen er større enn nokon gong – det same er bankens årsresultat. No er dei kontora som vart vedtatt etablert i 2014 på plass – kunsten framover er å sikra at både eksisterande og nye kundar verkeleg opplever mottoet ”verdast mest personlege bank”.