Vegvesenet går for bru

Publisert av:
21/12/2012 14:29

I ei tilleggsutgreiing Statens Vegvesen har levert Samferdsledepartemenet bør midtre alternativ prioriterast som ny kyststamveg.

Vegvesenet har rekna ny pris for den midtre traséen, som er på 19,3 milliardar, og inneber bru over Langenuen mellom Leirvåg ved Sandvikvåg og Tysnes, og ei fem kilometer lang flytebru mellom Reksteren og Halhjem.

Det midtre alternativet er 25 kilometer kortare enn den indre traséen som no etter nye utrekningar berre er 300 millionar rimelegare. Med det midtre alternativet vil det generera ein gjennomsnittstrafikk på 14.000 bilar i døgeret over Reksteren.

Brua over Langenuen vil gå eit stykke nord. Frå rapporten:
“Frå Jektevik og nordover til Leirvåg følgjer vi dagens 2-felts veg ca. 14 km til Leirvåg. Strekninga må på sikt erstattast av ny veg, men i første fase kan vi bruke vegen slik den ligg. Frå Leirvåg føreslår vi å krysse Langenuen med bru over til Tysnes. Spennet vil vere på ca. 1250 m. Vegen går vidare nordover med kryssing av Bårdsundet noko lenger vest enn der ein kryssar i dag.”

Les heile rapporten her >>>

Les heile saka hos bt.no >>>