Vaskeriet ved TIAS utvidar lokala
31/5/2018 13:26
Envira Bygg AS har fått i oppgave å bygge den nye vaskeridelen for Tysnes Industri AS, på Essoen i Våge. Dei lover å vere ferdig fyrstkommande måndag. Envira Bygg AS, som tidligere kalt Vitohus Bygg og Eiendom, der Vidar Lunde er Byggeleiar, bygger og oppfører boligar, hytter og renovering.
Dette held dei på med rundt om i Hordaland, slik som i Eidfjord og Voss, men hovedfokuset har dei her på Tysnes.
Envira leiger no gamle Lumic-hallen i Lundegrend, som er på heile 500 kvm. Der har dei produsjonslokale for element, samt lager og kontor.
Vaskeridelen:
Tysnes Industri er tvungen til å flytte ut ein del vask frå Eredalen, grunna begrensingar på vatn og avløp der dei held til no. Sidan det ikkje er kommunalt vatn-/avløpsnett i Eredalen, vart me nødd til å finna andre lokalar som allereie har slik tilknyting, seier dagleg leiar Vegard Aslaksen.
Angåande vask i Esso-lokalet, så gjeld dette arbeidstøy, matter og mopper. På sikt vil me kunne tilby å vaske dyner og puter for private kundar.
Vanligvis er det vanskelig å vaske dyner i ein vanleg hushaldningsvaskemaskin, samt å få det tørka. Med det utstyret Tysnes Industri har, vil det få ein mykje betre vaskeprosess. Den største maskinen tar 55 kg vask, og veg 1,7 tonn.
Foto og tekst: Dagfinn Sandvik