Vårrydding

Publisert av:
15/4/2016 16:35

Våren er her, og tradisjon tru sendte Lunde Bygdalag ut denne ivitasjonen til sambygdingane sine:

“Hipp hurra – våren er her 🍀 Og med den kommer søppel og skrot tilsyne i veikanten 😳 Men hva gjør vel det – i bygda som elsker dugnad?😂”

Folk var ikkje vanskelege å be, 25 vaksne og born stilte til dugnad torsdag 15. april.

Det vart rydda boss langs vegen frå Belt til Malkenes, Kattaneset, Vassbakken samt kaien og byggefeltet.

Etterpå var det sosialt samær og bygdalaget stilte med grilla pølser og brus til dugnadsgjengen.

AnneMerete Fjeldstad er svært nøgd med frammøtet, og synast det var riktig kjekt.

Monica Hoff Utne seier det er kjekt med søppelplukking. -Og det er artig å treffe på naboer og nybygdinger, et veldig bra sosialt og koselig tiltak. Det kjennes godt å få renska litt opp.

Dei vil begge på vegne av Bygdalaget få rette ei stor takk til alle som stilte, og gje spesielt ros til dei flinke ungane som deltok.

Både store og små deltok.

Ein skal tidleg krøkast….

Ingen tvil om at det hadde vore ein flittig dugnadsgjeng i sving!

Kvelden vart avslutta med ei koseleg matøkt.