ILLUSTRASJONSBILETE

Val av nytt ungdomsråd

Publisert av: Martha Nygård Lande
20/8/2020 15:26

Nytt ungdomsråd

Tysnes kommune melder på si nettside i dag at det skal velgast nytt ungdomsråd 24. september.

Etter kommunevalet i 2019 er alle kommunar pålagd å ha eit ungdomsråd. Meininga med rådet er at ungdom skal få sei si meining om politikken i  kommunen, og dei kan arbeida fram eigne saker. Rådet har rett til å uttale seg i saker som gjeld ungdom, og dei kan og uttale seg om saker som er oppe til politisk behandling i kommunen.

Det er kommunestyre som vedtek kor mange medlemmer ungdomsrådet skal ha, og som velger rådet. Rådet skal ha ein valperiode på inntil 2 år, og dei som skal velgast må vere mellom 12 og 18 år på valtidspunktet.

Ungdomsrådet konstituerer seg på fyrste rådsmøte, med leiar og nestleiar, og fordeler sjølve andre roller.

Ynskjer du å vere med, eller nominere nokon til ungdomsrådet, må det gjerast innan fristen 4. september.

På Tysnes kommune si nettside, kan du lesa meir om korleis du skal gå fram ved søknad til “Val av ungdomsråd”.