Vaksinasjon

Publisert av:
20/9/2015 05:54

 

Det blir sett av fylgjande dagar til vaksinering av personar i risikogruppene:
Tysdag 29. september 09:00 – 15:00
Fredag 2. oktober 09:00 – 15:00

Inga timebestilling, berre møt på helsestasjonen.

Me oppmodar om at alle som har høve til det, nyttar seg av desse dagane.

Pris:
Influensavaksine: kr 150.-
Pneumokokkvaksine (lungebet.): 250.-

Betaling: betalingsautomat på venterom på legekontoret.

Det vil ikkje bli gjeve rekvisisjon til drosje.

Vel møtt til TYSNES HELSESTASJON

Risikogrupper:
Fylgjande personar har auka risiko for alvorleg sjukdom og død ved influensasjukdom, og blir tilrådd å influensavaksinera seg :
 • Alle frå og med fylte 65 år
 • Bebuarar i omsorgsbustad og sjukeheim
 • Gravide etter 12. svangerskpasveke (2. og 3. trimester).
 • Born og vaksne med:
 – Diabetes meillitus, type 1 og 2
 – Kronisk luftvegssjukdom
 – Kronisk hjarte-/karsjukdom
 – Kronisk leversvikt
 – Kronisk nyresvikt
 – Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
 – Nedsett immunforsvar
 – Særs alvorleg fedme (BMI over 40)
 – Anna alvorleg eller kronisk sjukdom

I tillegg blir fylgjande grupper råda til å vaksinera seg, med det hovudføremål å beskytta andre:
– Helsepersonell som har pasientkontakt
– Husstandskontaktar til immunsupprimerte personar
– Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande gris.