Vaksinasjon mot svineinfluensa

Publisert av:
30/10/2009 21:13

Me ber om at de les teksten under nøye!

Me har nokre få dosar att som me ynskjer å tilby til:
· Risikogruppene frå 6mnd (= personar som har auka sjanse for å få eit alvorleg sjukdomsforløp dersom dei blir smitta som gravide, sterkt overvektige og personar med hjartesjukdom, lungesjukdom (for eksempel astma) el. diabetes).
· Husstandsmedlemmer og andre nærkontakt til personer i risikogruppene, særleg personar rundt spedbarn under 6 mnd og gravide i første trimester.
· Personar som har tett kontakt med svinebesetning.

Tysnes kommune vil mest sannsynleg ikkje motta nye dosar av svineinfluensavaksine før i veke 46.