Uværet har herja fælt
11/1/2015 21:00
Både tre, tak, og delvis bygningar måtte gje tapt då “Nina” herja som værst i går. Mange har også fått skade på båtar og kaianlegg.
Dagen i dag har vore nytta til iherdig oppryddingsarbeid rundt på heile Tysnes.
Mannskap frå kraftlaget har jobba iherdig for at ein skulle få straumen tilbake.
Vegar som var heilt eller delvis sperra av tre er no for det meste rydda.
Her er eit lite knippe av bileta tysnesingen.no har fått tilsendt:
Postkassestativ på Gjerstad, 11/1
Stort tuntre ved Gjerstad, 11/1
Løe på Gjerstad, 11/1
Løe på Teigland, 11/1
Nær Galanten, 11/1
Skaret, 11/1
Naust på Tveit, 11/1
Fellesfjøset var einaste som hadde straum kl 15.00, 11/1
Garasje, Onarheim, 11/1
Vegen over fjellet er enno stengt, 11/1
Sikring av tak på Fronta, 10/1
Myklestadeidet, 10/1
Uggdal, 10/1
Hodlekje, 11/1
Kraftlaget kappa og sikra rotvelte tre på Malkenes, 11/1
Kraftlaget sikra stolpe på Økland, 11/1
Rotvelt i Lunde, 11/1
Løetak i Lunde, 11/1