Publisert av:
5/9/2016 09:36
Utstilling
Mange interesserte tok turen til Dokkegalleriet på Gjerstad laurdag føremiddag då Britt Kjellesvik Rage heldt eit interessant foredrag om folkedrakter på Tysnes på 1800-talet, basert på det materialet ho har registrert og systematisert sidan 2009.


Ein folkedrakt er rett og slett den lokale draktskikken folk nytta til kvardag og fest, medan ein bunad er ei moderne oppfinning, ein slags konstruert fellesnemnar.


Utstilinga hadde elles jamnt besøk både laurdag og sundag. Her kunne publikum både sjå og høyra om klede som var i vanleg bruk på Tysnes for hundre til eitt hundre og femti år sidan, mange av dei like fine og friske i fargen den dag i dag.




Tekst og bilde: Knut Rage