Utfordra av “Misjonen”
19/2/2012 17:26
Sist fredag vart Tysnesingen nok ein gong (for fjerde gong, trur eg) kommentert på P4-programmet “Misjonen”.
Atle Antonsen og Johan Golden hadde fått med seg saka “På P4 igjen” etter at dei las saka om slipsknytinga i TV2. Dei synest visstnok at det var litt løye at innslaget deira hadde fått merksemd og har no utfordra til kven som kommenterer kvarandre sin kommentar lengst…!
Du kan lasta ned og høyra innslaget på “Misjonen” her >>> – gå fram til ca 25.12.
Dersom dei les dette på Tysnesingen kan eg forøvrig opplysa herrane Antonsen og Golden at Tysnesingen ikkje er ei avis, berre ei opplysningsside om ting som omhandlar Tysnes. For ein gong tysnesing – alltid tysnesing!
Ellers så er det å kommentera at berre ein av dei to guttaboys inne i Oslo klarar å uttala Tysnesingen rett. Antonsen uttalar det rett, mens Golden til stadig seier Tysnesningen. Men til Goldens forsvar skal det seiast at desto løgnare blir dette når han les opp sakene her :)