Frittgåande mus ( i rødt) mot Charlies Angels. Foto: Camilla Korsnes

Tysnes Sparebank Cup 2020 er avlyst

Publisert av: Martha Nygård Lande
30/4/2020 17:17

Njardar/Tysnes melder at Tysnes Sparebank cup 2020 er avlyst.

I 23 år på rad har cupen vore arrangert, så i år hadde det vore den 24. gangen med fotball heile helga på Reiso.

Dei lovar at det blir cup neste sommar, og i mellomtida kan du kose deg med bilder, frå fotballeventyret i fjor, på Njardar si nettside.