Publisert av:
19/12/2010 16:25
Ute med ny plate
Tysnesingen Jan Petter Myklestad er den eine halvdelen av duoen Two trains. Saman med Mikko Mikkonen har han gitt ut plata “Guitar pickin’ and good time loving”.
Gruppa, som spelar blues, vart stifta i Bergen for tre år sidan. Begge har ein lidenskap for blues og amerikansk roots musikk. I løpet av desse åra har Train for two bygd seg eit solid rykte som eit glimrande live band i Bergen.
På den nye plata har dei to gjesteopptredener. Det er Jørgen Sandvik (Real Ones) og Stein Urheim. Innspelinga er gjort heime i eige studio i Bergen.
Du kan høyra litt frå Two trains på NRK Urørt (bilete henta frå nrk.no/urort).