Ut på tur og sanke poeng

Publisert av: Martha Nygård Lande
9/7/2020 11:57

SommarTrim Tysnes 2020 er godt i gang, og det er gått over 5500 turar.

I år er det 206 deltakere med, som samlar poeng for kvar topp dei er innom.

Det er mange flotte turar ein kan gå på øya vår, og er du med på SommarTrimmen, er det 37 turmål å velga mellom.

I det siste har det vorte vanskeleg å ta seg fram til Vestrefjellet/Teiglandsnuten og området rundt, på grunn av  skogsdrift. Dette turmålet er no teken vekk for å sanke poeng.

Det er oppfordring frå skogseigarane om å nytta andre turmål i denne perioden. Det er stor risiko å opphalde seg i nærleiken av hogst. I tillegg er det stor trafikk på skogsbilvegen, og grunna regnet, er det blitt veldig sleipt å køyra for dei store bilane.

Vonar du vil nytta andre turmål til dei er ferdige med hogsten, så er de hjartleg velkomne attende til vestrefjellet når hogsten er ferdig.

 

Dei tre med mest poeng så langt i årets sommartrim er:

Åsta Hansen, har vore innom 26 ulike turmål, har sjekka inn 243 gonger og har 17 340 poeng.

Johnny Meland, har vore innom 34 ulike turmål, har sjekka inn 175 gonger og har 10 710 poeng.

Nina Olsnes Iversen, har vore innom 9 ulike turmål, har sjekka inn 223 ganger og har 9640 poeng.

 

God tur til alle, både dei som samlar poeng, og til dei som ikkje gjer det.