Publisert av:
13/5/2010 12:47
Ungdomen best
Det vart ein ny stafettsiger for ungdomsskuleelevane og hovudsakleg 8.klassingane. Under Uggdalstafetten på Reiso i dag klarte ikkje to seniorlag og eit oldboyslag å hamla opp med ungdomane.
Som vanleg var det størst oppslutnad i dei yngste klassane. I strålande solskin vart det sprunge fleire rundar med stor iver og konsentrasjon då stafettpinnen skulle vekslast.
Nokre lag var reine bygdelag, men ein del var også blanda lag frå ulike bygder.
Her er litt bilete frå Uggdalstafetten 2010.