Skjermdump: Meteorologisk Institutt

Ekstremværet Elsa

Publisert av: May Britt Meland
9/2/2020 22:42

Meteorologisk institutt har sendt ut rødt stormflovarsel. Det er venta endå høgare vannstand enn ved ekstremværet Didrik i januar

Meteorologisk institutt melder at det natt til tirsdag er det venta ekstremt høg vannstand, estimert 80-100 cm over høgda oppgitt i tidevannstabellane.

Årsaka til stormfloa er eit kraftig lågtrykk i Nord-Atlanteren som pressar mykje vatn inn i Nordsjøen og Norskehavet

Fleire stadar ligg det an til rekordar, og ein spår at enkelte stadar kan få den høgaste målte vannstand på 100 år.