Publisert av:
9/5/2014 08:55
Ulykke på Flatråker
Ein Mercedes Vito vart ståande på tvers av vegen etter at den hadde køyrt i fjellveggen.
Brannvesenet vart varsla klokka 22:25, og politiet rykka også ut.
– Føreren er borte fra stedet. Vi fikk snudd den siste fergen og har sendt av gårde en hundepatrulje, sier operasjonsleder Preben Wallestad i Hordaland politidistrikt til bt.no
Tidlig fredag morgon informerte lensmann Lorentz Lunde til bt.no at politiet fortsatt ikkje har fått fat i føraren.
– Me gjekk med hundepatrulje i to timar, men fann ingenting, fortel han.
I følge bt.no er bilen kobla til eit innbrot på Tysnes ved ei tidlegare anledning.