Uggdal på smakskartet

Publisert av:
17/12/2011 08:05

Maten og opplevinga på Haaheim Gaard får stadig meir merksemd. Bondebladet har laga ein artikkel Torstein Hatlevik og Svein Henning Dyrhaug på Haaheim Gaard.

Til Bondebladet fortel dei to at gode råvarer ligg alltid i botnen av gode smaksopplevingar. Lammekjøt, oksekjøt og fisk får dei kjøpt lokalt, og i tillegg kjøper dei mykje ost frå Myrdal Gard og eplemost frå Tveit Gard i Sveio.

Dei etterlyser meir lokale råvarer, men seier at Hordaland ikkje er komne like langt som andre fylke når det gjeld å tilby lokale varer.

Du kan lesa heile artikkelen i Bondebladet her >>>