TysnesPuls

Publisert av:
26/8/2010 13:46

Øktene varer ein time og har mest fokus på kondis, men programma inneheld også styrkeøvingar for armar, mage og rygg.

Instruktøren viser steg og øvingar, og du styrer sjølv intensiteten undervegs. Det er lite krav til koordinasjon og me brukar ingen apparat i desse treningane. Fire instruktørar med ulike program vekslar mellom å leia treningane.

Vel møtt i Tysneshallen onsdagar kl19:30 og søndagar kl19:00.