Tysnesøy
13/6/2015 14:09
Ved inngangen til hamna kunne ein sjå alle teikningane som elevane ved Uggdal skule hadde laga av Eliasbåten.
Ordførar Kjetl Hestad kunne stolt ynske velkomen til den høgtidelege dåpen.
-Dette er borna sin båt, den er for alle og skal nyttast til opplæring i sjøvett og bruk av redningsvest, noko som er særleg viktig for oss som bur på ei øy.
“Vi døyper deg Tøysnesøy, må hell og lykke følge deg!”, sa gudborna Oliver Nordtveit Fagerbakk og Ingrid Belt då dei døypte båten med ballongar fylde med champagnebrus.
Endre Ytreland, dagleg leiar for Redningsselskapet i Hordaland, gratulerte og ynskte Tysnes lukke til med sin eigen Eliasbåt. Han vona at Tysnes i framtida ville starta sin eigen Eliasklubb, og avslutta med Eliasreglane:
– Det er tøft å bruke redningsvest og smart å kunne svømme.
– Det er farlig å dytte andre og dukke noen under vann.
– Det er dumt å bade alene og lurt å si fra til voksne hvor du går.
Oliver og Ingrid fekk være med på jomfru-turen til Tysnesøy.
Det var lang kø for å få vere med på tur med Eliasbåten.
Desse gutane samarbeidde effektivt og godt, og serverte gratis hotdog til dei frammøtte.