Tysnesmessa 2010

Publisert av:
22/9/2010 17:41

Tysnesmessa har mellom anna som føremål å visa skuleelevar og foreldre kva arbeidsplassar Tysnes og nærområda har å by på. Også mange vidaregåande skular stiller på Tysnesmessa.

Som tidlegare vert Tysnesmessa i to økter; den første primært for elevar ved Tysnes skule, medan den andre økta er open for alle. I pausen mellom dei to øktene er det planlagt eit seminar med samferdsle som tema.

For bedrifter som ønskjer å delta på messa, er det påmeldingsfrist 5.oktober.

Påmeldingsskjema finn ein her >>> eller kontakt rådmannskontoret på telefon 5343 7012.