Tysnesleikane – midt i blinken
8/8/2021 09:58
Tysnesleikane, ein idretts- og aktivitetsdag.
Tysnesleikane er eit tilbud til personer med røyrsleproblem i Tysnes kommune. Funksjonsfriske er også velkomne. Koronaepidemien har gjort at vi er forsiktige med å invitere frå nabokommunane, seier Per Verner Aase, leiar i Tysnes Frivilligsentral.
Dette er etter kvart blitt eit populært arrangement. I 2020 var det 60 deltakarar.
Tysnesleikane vart starta på Reksteren. Vassbakken i Lunde har vore mykje nytta etter det. I fjor var vi tilbake på Reksteren og feira 20-årsjubileum med stort oppmøte, både med funksjonsfriske og folk med røyrsleproblem. Det vellukka arrangementet som Reksteren Idrettslag arrangerte i 2020, gjorde det sjølvsagt å takke ja til invitasjonen i år også.
På Tysnesleikane i år kan du vera med på både fotball, boccia og friidrettsaktivitetar. Det heile vert sjølvsagt avslutta med middag og premieutdeling.
Det vert spennande å sjå om ordføraren klarer å betre den personlege rekorden på 60m, fjellturane i sommar kan ha hjelpt på, avsluttar Aase.
Du kan lesa meir om Tysnesleikane og påmelding her.