Tysnesingar på Dressur og Sprangstemne i Rosendal
20/4/2011 05:14
Den 16.april var det dressur-stemne i Rosendal. Martine Siglevik Lunde og Kristi Sandvik Pedersen var med frå THSL. (Tysnes Hestesportslag). Martine starta i klassen LD1 med ponnien Lilla My. Ho og Lilla My vann klassen med heile 9% framom neste ekvipasje J!! Kristi starta neste klasse ( LC1 ), med både sin eigen ponni, Little Leo, og med ponnien Lilla My. Gleda var stor då det viste seg at ho tok BÅDE første OG andre plass i klassen J. Ho vann med Little Leo, og havna 2,5% bak med Lilla My.
Neste dag var det sprang. Då deltok Gunnhild Marie Fauske og Kristi frå Tysnes. (Mathilde sin ponni vart skada like før stemnet, så ho kunne ikkje vera med denne gongen!) Kristi reid først 50cm og 70cm Clear Round. Ho hoppa begge banane feilfritt på Little Leo. Deretter var det tid for laghopp 80cm. Gunnhild Marie sitt lag frå Rosendal vann. Kristi reid på eit mix-lag (Tysnes-Fusa) som havna på fjerdeplass J. Gunnhild Marie reid også 90cm på ponnien sin, Eleksir. Ho hoppa svært godt og havna på ein velfortent 2. plass.
Onsdag og torsdag no i påsken skal det vera ridekurs på Myklestad Ridebane. Sølvi Amland skal vera instruktør for i alt 17 ryttarar. Onsdag vert det dressur-trening og torsdag er det sprang. Undervisninga tek til kl 13.00 onsdag. Ridegrupper og tidspunkt for når dei ulike gruppene skal ri, ligg inne på heimesida til Tysnes Hestesportslag.