Publisert av: Vegard Aslaksen
15/7/2018 21:31
Tysnesfest siste dag – guida busstur til skulemuseet i Solheimsdalen.
Tekst og bilete; Hans Tore Brekke
Tysnesfest hadde i år for fyrste gong lagt inn skulemuseet i programmet og i draumevêr på søndag kunne me ta i mot gjester i eit museum med mange nye gjenstander. Olav Kaastad manøvrerte den store bussen trygt fram på den smale Solheimsdalsvegen. Skulemann og lokalhistorikar Olav Skjellevik var i storslag og skapte god stemning i skulestova. Tysnessamfunnet er heldige som har ein slik kunnskapsrik person i sin midte. Grendalaget takkar for besøket og for å ha kome med i Tysnesfest sitt omfangsrike program.
Solheimsdalen Grendelag