Publisert av:
11/7/2012 13:35
Tysnesfest informerer
Fartsendring:
Rv 49: Nedskilta til 30 km/t på strekninga Gjerstad – Våge – Dalland
Parkeringsrestriksjonar:
Parkering forbudt på strekninga Gjerstad – Våge, gjeld høgre side når ein kjem frå Lunde.
Marknadsdag, Laurdag:
Ferja vil gå som normalt også denne dagen. Det er, som kjent, mykje aktivitet i Våge denne dagen og litt mangel på oppstillingsplass. Me skal gjera vårt beste for å få avvikla ferjetrafikken så godt som råd, men dersom det vert mykje ferjebilar, kan det oppstå kø. Ei anbefaling kan vera å køyra over Lukksund, dersom ein vil vera sikker på å unngå kø, og for å lette utfordringane marknadsdagen byr på.
Beste helsing
Tysnesfest.