Tysnesfest Grand Prix

Publisert av:
13/7/2013 13:35

10 fine bilar deltok i årets store billøp. Fleire av bilane fekk store problem med å bremsa opp i pit stop udervegs, og ein bil måtte bryta etter å ha køyr inn i gjerdet. Heldigvis såg det ut til at sjåføren kom i frå hendinga utan skadar.

Litt action i løpet, dei fine bilane samt gode kommentatorar gjorde sitt til at det vart eit publikumsvennleg kassabilløp i dag!

 [bilder]