Tysnesfest bilete

Publisert av:
13/7/2009 18:04

Litt meir mimring frå Tysnesfest helga.

Helge Jordal samla mykje folk i Kjevikjo søndag, der han framførde “Terje Vigen”.

Seglskuta “Seladon” var mellom dei gamle båtane som sette sitt preg på festivalen. Og på MS Midthordland var det tilbod om Bluescruise.

I Galleri Elisabeth G var det søndag kveld opera med Ailie Reid og Torstein Hatlevik. Det var godt oppmøte også her.

Alle bilete: Michaela Naunheim.