Tysnes Ungdomsråd

Publisert av: Martha Nygård Lande
8/8/2025 07:10

Bli med å gjer Tysnes endo betre for ungdom!

På Tysnes kommune si nettside kan ein lesa at Tysnes ungdomsråd treng nye medlemmar.

Dersom du er ein engasjert ungdom mellom 12 og 18 år, kan du no få mogelegheit til å vera med å påverka kvardagen til ungdom i kommunen.

Kva gjer ungdomsrådet?

Ungdomsrådet er ei gruppe med engasjerte ungdommar, som:

  • seier si meining om saker som gjeld ungdom
  • planlegg og arrengerer aktiviteter og møteplassar for ungdom
  • samarbeider tett med politikarar og administrasjonen i kommunen
  • lærer meir om demokrati, medverknad og påverknad.

Ungdomsrådet har omlag fem møter i året. Møta finn stad på dagtid, hovudsakleg fredagar.

Når du blir valt inn, får du vere medlem i to år. Det er Kommunestyret som bestemmer kven som blir valt inn i ungdomsrådet.

Kven kan søkja?

Alle mellom 12 og 18 år på valtidspunktet og som bur i Tysnes kommune. Du kan søkja uansett kva interesser du har, berre du er engasjert og har ønskje om å bidra.

Korleis søkjer du?

Les meir her, Tysnes kommune, korleis du kan søka.