Tysnes Sparebank med solid halvårsresultat

Publisert av:
9/8/2017 14:00

Godt halvårsrsultat og framleis forventning  om vidare vekst kjem det fram i pressemeldinga frå banken i dag:

Ny Kontorstruktur

Banken har hovudkontor i Våge (Tysnes) og salskontor på Stord, Husnes og Lagunen. I tillegg er det etablert møteplassar i Odda og Rosendal. Den lokale tilstedeværelsen i bygder og byar rundt om i Sunnhordland er noko både privat- og bedriftskundar set pris på. Auken i antal kundar det siste året er ei god stadfesting av dette. Det er berre kontoret i Våge som tilbyr kontantar og skranketeneste.

Stor auke i innskot og utlån

Banken har fått inn meir enn 100 millionar kroner i nye innskot det siste året. Utlånsveksten er på heile 26 %.

«Det er mange som ynskjer å verta kunde i vår lokale sparebank, det er vi svært nøgde med» uttaler banksjef Dag Sandstå i samband med pressemeldinga.

 

Einaste frittståande lokalbanken i Sunnhordland

Tysnes Sparebank er den einaste lokale banken som er frittståande og vert styrt av personar som kjenner lokalmiljøet og regionen. Dette er ein stor fordel i den konkurranseutsette banknæringa. Lokal kunnskap kombinert med moderne digitale løysingar er i medvind om dagen.

 

Forventar vekst i åra som kjem

Tysnes Sparebank har vorte meir enn dobbelt så stor dei siste åra. Størrelse på banken er viktig for å kunne oppretthalde dei lokale arbeidsplassane og sikre sjølvstende. Lokale investorar har kjøpt eigenkapitalbevis for om lag 75 millionar kroner dei siste åra, dette er avgjerande for å kunna veksa slik banken har gjort. Ei god avkastning på denne kapitalen gjer at banken også er eit attraktivt investeringsobjekt.

«Målet er at vi skal vera ein god lokalbank for personar og bedrifter i Sunnhordland og kommunane rundt Bjørnefjorden i åra som kjem. Vi er banken som er liten og lettbeint,  og som finn gode løysingar på ulike økonomiske utfordringar som våre kundar måtte koma ut for» seier banksjefen.