Tysnes Sparebank Cup for 20. gong
30/6/2016 18:59
Njardar/Tysnes har gleda av å ynskja alle lag velkomen til Tysnes Sparebank Cup for 20.året på rad.
45 lag er påmeldt til årets cup fordelt på 12 damelag og 33 herrelag.
Totalt skal det avviklast 88 kampar.
På tradisjonelt vis.
Ansvarleg for cupen i alle år, Nis Eivind Hansen, seier til Tysnesingen.no at cupen også i år vert arrangert på tradisjonelt vis. Han er nøgd med påmeldinga, men seier det gjerne kunne vore litt fleire damelag med, spesielt i den aktive klassen. Påmeldinga ligg på same tal lag som i fjor. Det hadde vore plass til fleire, men ein får vera nøgd med pluss/ minus 50 lag, seier han.
Ta med godt humør, og ta vare på dommarane!
Været er det ikkje noko me kan gjere med, så det er ikkje noko eg bekymrar meg seg særleg for, sjølv om alt sjølvsagt går mykje lettare når det er fint vær.-Uansett så oppfordar eg alle til å ta med godt humør.
Tap og vinn med same sinn er det vel noko som heiter så ikkje la all frustrasjon gå utover dommarane. Dei gjer så godt dei kan!
Nils Eivind Hansen har vore hovudansvarleg for cupen i alle 20 åra, men poengterar at han har mange medhjelparar som gjer cupen mogleg.-Fotball er eit lagspel både på og utanfor banen!
Siste året.
Dette vert imidlertid Hansen sitt siste år, og han vonar yngre krefter overtar slik at cupen kan halda fram i mange år!
Kampoppsett:
Fredag 1.juli kl.1800 – kl.2100: Innleiande kampar.
Lørdag 2.juli kl.0900 – kl.1600: Innleiande kampar med finaler for klasse 3 og 4.
Søndag 3.juli kl.1200 – kl.1600: Sluttspel klasse 1,2 og 5.
For detaljert kamoppsett og meir informasjon om cupen, sjå Njardar.no.