Tysnes på TV2 Nyhetene

Publisert av:
24/4/2012 20:17

Innleiingsvis var det kva utfordringar kommunen har med nedsliten Tysnes skule og Tysnes sjukeheim.

Ordførar Kjetil Hestad sa i intervju at kommunen står føre ei rehabilitering i fleire titals-millionerklassen.

Tysnes er samstundes vert for den tredje største næringa i Norge, nemleg oppdrettsnæringa. Ordføraren meiner difor ein må på plass ei arealavgift, slik at havbruksnæringa er med og styrkjer den skrale kommuneøkonomien.

Oppdrettsnæringa kan vera med på dette, men er oppteken av at denne arealavgifta ikkje må havna i Finansdepartementet i Oslo, men i den enkelte kommune.

Heile innslaget ser du her >>>