Publisert av:
22/4/2016 17:29
Tysnes-meisterskap i bowling
Tysnesmeisterskapen i bowling vert arrangert i Tysneshallen tysdag 26. april kl. 1815.
Påmelding og trening startar 1745.
Påmeldingsavgifta er kr. 100.
Deltakarane spelar først ein kvalifiserande runde, og dei tolv beste går til mellomrunden og finalen.
Tysnesmeisterskapen er open også for deltakarar frå andre kommunar.
I 2015 deltok 21 personar, og kapasiteten er 24.