Tysnes Kraftlagcup 2014

Publisert av:
17/11/2014 17:32

Njardar/Tysnes vil arrangera Tysnes Kraftlag Romjulscup laurdag 27. desember.
Ved stor påmelding i klassane 1 – 3 vil cupen halda fram søndag 28.

Tysnes Kraftlag Romjulscup har vore ein populær cup. Ikkje berre har det vore godt å få trimma litt etter jula, men det har vore ein fin møteplass for alle dei som er heime på Tysnes i jula.

I år legg Njardar/Tysnes opp til å bruka heile tredje juledag til cup. Klokka 10.00 startar 1. – 6.klasse med interne kampar. Alle interesserte er hjarteleg velkomne til å vera med. Ein melder seg på til trenarane for laga i forkant eller ein møter i god tid og tek kontakt med dei same trenarane. Dei vil dela inn laga, og så spelar laga internt. Kampane går på tvers av hallen med to kampar parallelt. Det skal vera fire på banen for kvart lag og kvar kamp varer i 13 minuttar.

Alle vert premierte. Det er ikkje påmeldingsavgift i denne klassen.

Klokka 1400 begynner dei vaksne. Her er det tre klassar.

Klasse 1 :Lettbeinte menn frå 15 år og oppover(1999 -) Inntil to aktive kan vera på banen samstundes. Definisjon aktiv: 5. divisjon og oppover

Klasse 2. Sårbeinte menn: 15 år og oppover (1999 – ). Ingen aktive på banen

Klasse 3: Lettbeinte damer: 15 år og oppover (1999 – ) Ingen begrensningar på aktive.

Heile invitasjonen finn du her.

Påmelding til Terje Vevatne innan 10. desember: vevatne@hotmail.com