Publisert av: Martha Nygård Lande
10/9/2020 12:07
Tysnes kommune med tilråding om å unngå reise til Bergen dei neste 10 dagane
Tilråding til innbyggjarane i Tysnes kommune i samband med smittesituasjonen i Bergen
På bakgrunn av den aukande koronasmitten i Bergen, vil kriseleiinga i Tysnes kommune oppmoda alle innbyggjarar om å unngå unødvendige reiser til Bergen i dei neste 10 dagane.
Desse tilrådingane gjeld i perioden 10. september til fredag 18. september:
- Me oppmodar alle innbyggarar som jobbar i Bergen om å bruke heimekontor så langt det er mogleg.
- Me oppmodar om å unngå unødvendige reiser inn til Bergen og unngå plassar der mange folk er samla.
- Dersom du likevel må til Bergen med kollektivtransport, tilrår me bruk av munnbind dersom det ikkje er mogleg å halde ein meters avstand.