Tysnes kommune med i Forbrukarrådets test
15/2/2019 11:22
I ein stor test som Forbrukarrådet gjennomførte, der det vart lagt vekt på kor flinke kommunane er til å svare på innbyggjaranes spørsmål om ulike kommunale tjenestar, kom Tysnes langt nede på lista. Testen gjekk ut på å stille kommunane spørsmål per tlf, på epost, og i tillegg vart det gjort ein internettsjekk, for å sjå kor god tilbakemelding dei fekk.
Kommunikasjonsrådgjevar Ann Hege Skogly hos Forbrukarrådet skriv på heimesida deira at det er veldig viktig at kommunane gjer raske og gode svar. Då viser dei at dei tar på alvor at kommunane har tjenestar som er viktige i liva våre.
Om kommunetesten sin metode:
Forbrukerdirektøren peikar på at kommunane for eksempel har ansvar for at me har lege og skule å gå til, vann i springen, og omsorg når me blir gamle. Derfor er det viktig at det er enkelt å komme i kontakt med kommunane, og at dei gjer gode svar, forklarer ho.
Den vesle kommunen Nesset i Møre og Romsdal, med berre 3000 innbyggjarar tok ein klar seier, mens Bergen kom på andre plass.
Her kan du lese om korleis Tysnes gjorde det i konkurranse med dei andre kommunane i Hordaland.
Rom for forbetring
Tysnesingen ringde til Rådmann Steinar Dalland for å høyre kva han synest om resultata. Dalland seier at Tysnes kommune har eit stort potensial for forbetring, men at han ikkje vert heilt klok på denne testen. Den er mellom anna ikkje nok etterprøvbar. Den er mange hol i framgangsmåten til Forbrukarrådet. Til dømes låg me i Tysnes kommune, i 2016, langt framfor årets vinnar Nesset kommune, når det gjaldt pleie og omsorg og informasjonstjenestar. Det er litt merkelig, med tanke på at Tysnes kommune si heimeside og telefonsamband har vore uforandra. Dalland legg til at det fullt mogleg å forbetre seg på kort tid, slik som 2019 vinnaren mest sannsynleg har gjort. Tysnes kommune har også hatt oppe til diskusjon om å ansette fleire folk til forbetring på akkurat dette feltet, seier Dalland.