Tysnes K 07
5/11/2013 10:45
1.omg starta veldig tregt frå vår sida. Me var litt tung i forsvar, og i angrep sleit me enormt! Ballen ville berre ikkje i mål! Heldigvis var ikkje Kjøkkelvik bedre, og klarte ikkje utnytta svakhetane våre. Etter 30min og 15-20bom (derav 10-15kontringsbom!!)var stillinga 11-14 til oss.
Her var det berre å finjustera sikte til 2.omg, for den skulle me «eiga». Det gjorde me då ikkje! I alle fall ikkje dei fyrste 10 min. Kj.vik scora 3 kjappe, før me var ferdig med pausen, men dei klarte aldri å rykka ifrå oss. Sakte men sikkert beg me å dra frå dei pga me omsette dei fleste sjangsane våre til mål. I tillegg fekk dei ein 2min, som me utnytta max – 3-0 på 2min!
I tillegg satt forsvaret bedre, Ragnhild hadde nokre avgjerande redningar og ikkje minst, no gjekk ballen bak keeper istanden for i tverrlegger og ut!
Kjempepositivt at heile laget kom på scoringslista!! Seier 33-27 (derav 14 kontringsmål!)
Laget: Ragnhild Dalland, Eirin K. Dalland(4),Agnethe Flakke(4), Celine V.Lunde(3), Sara Elisabet Stue(13),Isabel(1),Celilie Fagerbakk Hauge Hansen(1),Renathe Hagen-Lunde(4),Linn Bergesen(2) og Linda Flornes(1)
Til helga er det 2 ny kampar: Lørdag kl.15,00 heima mot Nordre Holsnøy og søndag borte mot Vadmyra(kl.14,00), så det er berre å brette opp armane, for å slåss om 4 nye poeng!
Kom å hjelp laget til seier på lørdag i Tysneshallen.
Tekst: Jorunn Dalland
Trenar, K07/Tysnes IL