Tysnes-julesong på fjernsyn

Publisert av:
9/12/2009 07:34

Tysnes-songen “Fred” har tekst av Anders Bakke og melodi av Kolbjørn Tvedt.

Måndag 7.desember vart songen spela på NRK 1 Morgonnytt. Den vart brukt til å skapa stemning rundt ein reportasje om eit julelysverkstad. Innslaget vart sendt fleire gongar måndagsmorgon.

Det er Marianne Tvedt som syng “Fred”, medan Kolbjørn Tvedt, Endre, Vidar og Tore Hodneland spelar.

Som tidlegare nemnt på Tysnesingen er songen å finna på nettet under vignetten Kråkereiret på NRK Urørt. Og det tok ikkje lang tid før folk i NRK oppdaga denne nye julesongen.

Du kan høyra “Fred” her >>>