Tysnes Idrettslag

Publisert av:
2/2/2016 07:56

Tysnes Idrettslag arrangerer eit sikringskurs måndag 15. februar kl. 17.00 – ca. kl. 20.00 for klatrarar i veggen i Tysneshallen.
Kursleiar er Terje Skaten og kurset er gratis.
Idrettslaget ønskjer å få til aktivitet i klatreveggen igjen og håper det er nokon som både har lyst og høve til å vera med og sikra borna slik at dei kan få utfalda seg i veggen.
Idrettslaget ser for seg at aktiviteten bør skje etter skuletid slik at borna kan koma seg heim med bussane som går i samband med ferja ca. kl. 16.00.
Dei som deltek på kurset, treng ikkje sjølve å klatra. Dei skal berre læra å sikra klatrarane.

Påmelding til Eva Kalgraf, tlf. 99648766