Aleksander Fauske på møbelverkstaden sin Lynghaugane Møbelverkstad.

Tysnes har fått møbelverkstad

Publisert av: May Britt Meland
12/9/2021 21:14

Denne veka dukka det opp ei ny heimeside og ein ny instagramkonto: Lynghaugane Møbelverkstad. Den ivrige, og engasjerte hobbysnekkaren som står bak dette er Aleksander Fauske.
-Det heile starta med at far min hadde ein stabel med mott-etne gamle eikeplankar liggande i garasjen som han saga ned på Kattaland i Lunde for 30 år sidan og laga kjøkenbord av, fortel Aleksander.
Når me leita etter plass å bu på Tysnes, ville eg ha eit hus med stort kjøkken og då naturligvis eit stort, solid eikebord. Eg laga meg eit et grovt eikebord med betongbein og limte saman med Tec7, kun med sag og pussemaskin å hjelpa meg med.

Bygde om garasjen
Aleksander fann det givande å laga eigne møblar og ynskte å vidareutvikle hobbyen. Dermed blei den gamle garasjen, som tidligare var brukt som stall, bygd om til møbelverkstad. Verktøy blei kjøpt inn, og det blei fort ny tv-benk, sofabord, og mykje meir!
Arbeidet med å omgjera garasjen til møbelverkstad starta i mars 2020 då me flytta inn i huset. -Sidan då har eg gjort små og store oppdrag, hyller, skjenker, skap og pussa og lakka ein gammal oselvar seier Aleksander.

 

Stallen har blitt ein flott, romsleg og velutstyrt møbelverkstad.

 

Byrja med eigne møblar
Aleksander fortel at han er sjølvlært, så det har teke tid og vore mykje frustrasjon. -Møbelsnekring bar på nye utfordringar eg ikkje har vore ute for tidligare. Eg byrja heilt i det små med å laga eigne møblar. Etterkvart har eg enda opp med ein nokså velutstyrt verkstad, og møbelproduksjon på bestilling. -Og som småbarnsfar og fast jobb blir det lange, seine kveldar i verkstaden.

Vil lage møblar av kvalitet
-Eg håpar å kunne laga kvalitetsmøblar som varer, tilpassa kunden sine mål og design. Fleire og fleire møbelprodusentar i dag lagar møbler av MDF plater, finerte plater, stavlimte bord og anna. -Eg vil laga noko som varar. Det er kvalitet og holdbarhet i heiltre, og det vil eg få opp og fram. Den unge møbelsnekkaren fortel at han vil strekka seg langt for å laga handlaga møblar som varar i fleire tiår, og ikkje koster skjorta. Og heimelaga, kortreist handtverk er jo tross alt også godt for miljøet!

 

Aleksander har allereie laga mange ulike møblar på bestilling.

 

Heimesida er på plass
Lynghaugane Møbelverkstad har fått eiga nettside og instagram konto. Slik håpar Aleksander at han  når ut til fleire som kanskje kunne tenkt seg eit heiltremøbel. Det er ikkje alltid enkelt eller billig å få tak i møblar av heiltre, edeltre, eller kanskje på dei eksakte måla ein vil ha. -Ynskje mitt er å gjere det enkelt for dei som vil ha eit nytt møbel, seier Aleksander. I frå ein skisse på eit ark, bilde tatt frå internett eller kun lause tankar, skal eg sørge for at kunden får akkurat det dei vil ha. I det materialet, med dei måla og den fargen dei ynskjer!

Vil også leige ut
Ikkje berre lagar han møblar, han tilbyr også utleige av verkstaden, verktøy eller at ein sjølv kan kome å lage sitt eige møbel i verkstaden, med eller utan Aleksander som hjelpar. Om kundane har eige material dei vil nytta, er det også mogleg. -Eg håpar fleire viser interesse for møbelsnekring, og at andre også kan få glede av den vetle verkstaden eg har bygd!

Materialjakt
Til no har Aleksander stort sett produsert møblar av eik. -Eg har vore heldig å funne material på finn og gjennom bekjente, men det er ikkje alltid lett å oppdrive plankar av edeltre som eik, ask, bøk osv. Så om det er nokon som har material liggande på låven, eller under ein gammal presenning som dei ikkje har bruk for, tek eg alltid i mot.

På heimesida www.lynghaugane.no finn ein ut litt meir om kva møbelsnekkaren kan tilbyr, frå møbelproduksjon, utleige til restaurering av møblar. For meg er det ingen prosjekt som er for små, eller for store avsluttar Aleksander!