Tysnes Fysioterapi

Publisert av:
5/11/2014 16:28

Tysnes Fysioterapi held til i lyse og hyggelege lokale ved Våge kai i Tikobygget, 3.etasje, med herleg utsikt over båthamna.

Fysioterapiklinikken har felles inngang og venterom med Bjørnefjorden Tannlegepraksis.

 

Behandlingstilbodet er breidt, og ein tek i bruk nyare, anerkjente behandlingsmetodar som til dømes trykkbølgebehandling. Elles brukast blant anna vekselstraum og laser.

 

Fysioterapi-klinikken innehar to separate behandlingsrom for individuell behandling samt eit velutstyrt treningsrom med eit godt utval av utstyr spesielt tilpassa rehabiliteringsbehov, som fleire toppmoderne HUR treningsapparat.

 

Pasienten kan få utarbeidd eit personleg treningsprogram for bruk ved klinikken eller heime. Fysioterapeuten ved klinikken er sertifisert Fysio-Pilates-instruktør, og bruker blant anna Pilates-øvingar i slike program.

 

Du kan få time utan henvisning frå lege dersom du i fyrste omgang berre ynskjer å få ei vurdering / bli undersøkt.
Det er også høve til å trene her utan å vere henvist av lege.

Men fysioterapeuten ved klinikken (Ingunn Langlo) har avtale med Helfo, slik at pasientar med henvisning har alle vanlege trygderettar. 

 

Opningstid: alle kvardagar 8.15 – 16.00 (kveld etter avtale).

For timebestilling eller spørsmål: 
Ring eller send SMS til telefon nr. 468 27 643.

E-post: i.langlo@online.no